Stormande jubel og klappsalver

Applausen ville ingen ende ta då Nordic Dance 2012 framførte sin konsert for første gong onsdag kveld under folkemusikk- og folkedansstemnet Nordlek 2012 i Steinkjer. Premiera vart møtt med stormande jubel og klappsalver frå over 500 publikumarar.

Basert på lokale, nordiske og internasjonale kulturuttrykk, har 24 ungdommar frå Noreg, Sverige, Finland og Danmark regissert ei framsyning med kunstnarleg kvalitet på toppnivå. Utøvarane, som er mellom 19 og 25 år, vart i fjor plukka ut etter prøver. Dei har jobba med hjelp frå to profesjonelle kunstnarar: musikar Vegar Vårdal frå Noreg og dansar Paula Kettu frå Finland.


Framsyninga var spekkfull av variasjon, energi og danse- og speleglede, som fekk publikum til å stå oppreist gjennom heile takkeseansen.

Basert på det tradisjonelle har Nordic Dance skapt nye nordiske kulturuttrykk. I sommar og i haust skal gruppa på turne til andre festivalar og scener. Allereie på fredag drar dei til Kaustinen Folk Music Festival i Finland, og alt tyder på at dei ikkje kjem til å reise derfrå umerka.

Noregs Ungdomslag har er hovudarrangør bak prosjektet, i samarbeid med Finlands svenska folkdansring, Folklore Suomi Finland, DGI -dans og musik, Svenska folkdansringen. Nina Fjeldet er prosjektleiar, medan Norsk kulturråd, Norsk teaterråd, Nordisk kulturfond og Furestiftelsen i tillegg til samarbeidsorganisasjonane har finansiert Nordic Dance 2012.

Sjå bilete frå premiera her.

Dette innlegget ble publisert i Framside. Bokmerk permalenken.