Mat

Det skal smake å komme til Trøndelag!

Trøndelags mangfald av råvarer og produkt frå fjord til fjell er unike. Det arktiske klimaet i Midt-Noreg med langsam vekst og myke sol gir maten særeigen smak og kvaliteter. Smak, konsistens, farge og næringsinnhald blir påvirka av naturforhold, produksjonsformene og kulturhistoria i de spesifikke områda. Måltidsopplevinga handlar om at god mat og velsmakande råvarer blir krydra med lokale opplevingar og historie.

På Nordlek 2012 skal du glede deg over maten som blir servert. Maten skal gi næring til både kropp, auge og sjel. Lokale råvarer og produkt med kvalitet og særpreg skal løfte måltidet og gje deg danseglede.

Vi vil ha næringsrik mat på menyen og eit fristande tilbod av frukt og grønt.
Lokale matambassadørar vil stå for serveringa, ha kunnskap om råvarene og den trønderske historia.

Mangfald, reint og godt!

Vi ønskjer å gi dykk eit godt og variert mattilbod basert på lokale råvarer. Ingrediensane skal vere tilpassa frukost, lunsj og middagsmenyar basert på trønderske råvarer og produkt frå hav til fjell. Vi håpar å gi deg ei smaksoppleving med eit sunt og godt matfokus.

Kioskmenyane vil også ha innslag av det lokale. Menyen gjer det enkelt for deg å ta det med og ete ståande eller på aktivitetsområdene.

Smak på Trøndelag!
er Nordlek-restauranten der du skal glede deg over maten, atmosfæren og den gode historia som blir fortalt. Med omtanke for råvarene, kvaliteten og måltidet skal du her kunne kjenne duftene og nyte smaken. Smaken av lokale råvarer og produkt skal opplevast som ”dansande sansar” i ganen.

Serveringstider

Frokost, kl 0730 – 0930, mandag – søndag
Lunsj mandag og tirsdag kl 1200 – 1300. Onsdag – lørdag kl 1200 – 1400
Middag: tirsdag kl 1530 – 1730. Onsdag – lørdag kl 1530 – 1800

Følgjande prisar gjeld førehandsbestilling:
Frokost, kr 60,-
Lunsj, kr 90,-
Middag, kr 150,-

Om du kjøper på staden, vil prisane vere:
Frukost: 80,-
Lunsj: 110,-
Middag: 170,-