Målsetting
Under Nordlek 2012 møtes mellom 2-4000 danseglade menneske. Felles for alle er det viktige bidraget musikk og dans har for livskvalitet og livsglede. Nordisk meisterskap i dansespel skal kåre ein vinnar som vekker gode kjensler og skaper gode danseopplevingar på dansegolvet uavhengig av kva land dei kjem i frå.
Kven kan delta
- Grupper frå 3 til 30 personar som speler folkemusikk frå eitt eller fleire av dei nordiske landa.
- Gruppa kan vere eit etablert lag, orkester, foreining, eller vokalgruppe. Profesjonelle eller glade amatørar. Det kan vere også vere ei nyetablert gruppe, med stort felles repertoar, der deltakarane kvar for seg har erfaring med å spele eller synge til dans.
- Reglar
- Deltakarane skal ta utgangspunkt i sitt lands tradisjonelle folkemusikk. Repertoaret må hovudsakleg vere henta frå runddanskategorien (vals, reinlender, polka, masurka), men både eldre og yngre danseformer kan inngå i repertoaret.
- Arena
- Steinkjerhallen blir NORDLEKS viktigaste sal, med stor scene, lyssetting, stort lydanlegg og godt dansegolv. Her skal meisterskapet skal gå over 4 dagar. 3 innleiande rundar og finaledag.
Premiering
- Alle deltakarar vil få ei deltakarpremie og refundert 50% av kostnadene til gjennomgangsbilletten til NORDLEK 2012. Den dagen de konkurrerer vil de komme gratis inn på alle arrangement så sant det er ledige plassar.
- Premiering skjer laurdag kl. 23.45 før den offisielle avslutningsseremonien.
- Det vil bli utdelt ein pengepris på NOK 15 000,- til beste gruppe.
- Det vil i tillegg bli utdelt eit Hilmarstipend på NOK 5.000,- til den amatørgruppa som blir ansett å ha det største potensialet for å skape store danseopplevingar på dansegolvet i framtida.
Gjennomføring
Kvalifisering:
- Informasjon om gruppa/utøvarane samt ei lydfil sendes arrangørens jury innan 1.mai 2012.
- Det er berre til meisterskapet at gruppa treng å bli kvalifisert. Om det er ønskeleg, vil gruppa få tildelt annan speletid under NORDLEK 2012.
- Konkurransedagane
- Onsdag, torsdag og fredag: 5 grupper konkurrerer kvar dag. Kvar gruppe må fylle 60 min med dansemusikk. Det blir kåra ein vinnar for kvar dag som går vidare til finalen.
- Laurdag: Tre finalistar – ein vinnar! Kvar gruppe må fylle 60 min med drivande god dansemusikk.
Jury
Juryen dei tre første dagane består av tre personar. Tre ulike nasjonar er representerte kvar dag og alle dommarane er dansarar med god kjennskap til dansemusikken i sitt land. Det blir ulike menneske som sit i juryen for kvar dag. Kvar dag er ein sjølvstendig konkurranse.
- Finalejuryen settast saman med representantar frå dei innleiande dagane og alle dei fem nordiske landa, er representerte.
- Det blir tatt omsyn til at både det svenske og finske kulturområdet i Finland blir representerte.
- Dommarkriterier
- God dansetakt er viktigaste kriterium.
- Godt samspill og musikalsk uttrykk er også særs viktig.
- Ekstra bonus vil gruppa oppnå dersom de har god variasjon, spillglede og innimellom viser evne til å improvisere.
Dommarane står fritt i sin vurdering. Alle har utgangspunkt i ulike tradisjonar slik at rett og galt ikkje blir avgjerande tema.
Tevlingsleiar
Arrangøren oppnemner ein tevlingsleiar som har ansvar for opplæring/briefing av dommarane, sikre riktig rekkefølgje og utdeling av speletid til deltakarane og å samordne resultata.
Kontakt: i_hojem@hotmail.com
Påmeldingsfrist: 1. mai 2012