Kompakt-leik i Norges midtpunkt

NORDLEK 2012, 10. – 15. juli, vil bli eit kompakt stemne, der det blir gåavstand mellom alle dei store arenaene på Campus Steinkjer. Her vil det også vere skolar til overnatting.

Steinkjer er ein liten, men «åpen, lys. og glad by» midt i Norge.

I sentrum av Steinkjer har vi torget, kulturhus og Steinkjer Kirke, der fleire av konsertane vil haldast.

Vi skal mellom anna ha:

  • Dans i fire salar samtidig – to store og to mindre, heile kvelden og natta – det blir mye både fri dans og leia dans.
  • Stor spellmannssatsing, noko som vil gjere Steinkjer til ein sydande møteplass for nordiske folkemusikarar.
  • Spektakulær opningsseremoni, og ein del store konsertar i løpet av stemnet.
  • Vi skal ha god, lokal og kortreist mat, både billig og enkel, og meir påkosta og eksklusiv.
  • Danse- og spelkurs på dagtid
  • Vi har eiga satsing på familiar med bl.a. utflukter, dans, barneparkering  og familiecamping
  • Spennande spesialopplegg for ungdommar med ungdomsleir, dans, aktivitetar og kurs.
  • I 2012 blir handverkarar inviterte til stor marknad, til seminar og kurs.
  • Det blir mye nyskapande program, samtidig som vi vil at dei som har vore på Nordlek før skal kjenne seg igjen. Det blir for eksempel nordisk ball , parader og bunadutstilling.

Mange utflukter til historiske stader både før, under og etter stemnet.Vi har ein visjon om at det skal visast over heile Norden at det blir arrangert Nordlek, og også på utvalte delar av verda.

Meir informasjon kjem til hausten 2011. Vel møtt til Nordlek i 2012!