Nordlek tilbake i Noreg

NORDLEK 2012 er danseopplevingar, musikkopplevingar og matopplevingar – på kurs, konsertar, dansekveldar, utflukter, utstillingar og spennande prosjektarbeid. På Steinkjer, midt i Noreg.

NORDLEK 2012 blir eit kreativt og nyskapande arrangement for tradisjonell folkekultur med vekt på folkedans og folkemusikk. Ved å ta vare på og vidareutvikle vår felles nordiske kultur vil vi styrke samhaldet og fellesskapet i Norden gjennom ei intens veke. Steinkjer er ingen stor by, her blir det lett å finne fram og kort veg mellom postane i eit tett program med ei mengd spanande arrangement av mange slag. Det meste skjer på Campus Steinkjer, der dansesalane ligg tett, og sovesalane rett attmed.

Dersom du er mellom 14 og 26 år og er glad i folkemusikk og folkedans og glad i å vere i lag med annan ungdom (kven er ikkje det), kan du tjuvstarte på Nordisk sommarleir 6.–10.juli. Her blir det kurs i folkemusikk og folkedans med framifrå instruktørar. Høgdepunktet er den stilige leikefesten med mykje flott musikk, og vi skal sjå til at ungdommane ikkje blir borte for kvarandre under hovudarrangementet.

Det er mange familiar der mor og far har nesten slutta å danse fordi tida ikkje strekk til. Ungane krev tida og har ikkje eit dansemiljø rundt seg slik det var da foreldra sjølve var små. På NORDLEK 2012 legg vi opp til at desse foreldra skal få ta med ungane på opplevingar dei seint vil gløyme, og som vil gjere dei stolte av nordisk folkekultur! Vi legg opp til at familiane kan få glede og nytte av kvarandre. Ungar og foreldre skal få bygge nettverk på tvers av landegrenser og språkbarrierar. Det blir sjølvsagt leikar, dansar og uformelle tevlingar, det blir familieutflukter og familieleikfestar. Ungane kan slappe av i fred frå foreldra i eigne frirom mellom dansesalane, sjølvsagt med trygt tilsyn og kort veg til mor og far. Og familien kan bu på familiecampen, tett ved dansesalane.

Du kjem til NORDLEK for å leike og danse dag og natt, men om du innimellom har tid til å forsyne deg av eit rikhaldig tilbod av anna slag, har vi mykje å by på: Danseoppvisningar og konsertar, utflukter rundt i historiske Nord-Trøndelag, mellom anna til kveldsgilde på gamalt vis på Stiklestad, eller til ulv og bjørn og trylleteater i Namsskogan familiepark. Følg med: Fleire programpostar og fleire detaljar kjem etter kvart!

Det er lett å reise til Steinkjer, Værnes flyplass er ikkje langt unna, med hyppige tog- og bussavgangar vidare. Og E6 går rett gjennom byen. Så vert det lett å vere her, det har vi planane klare for.

Velkomen til Nordlek i Steinkjer, 10.-15. juli 2012.